Kva kan du gjere i Stryn?
"Fagre Stryn" har mykje å tilby turistane enten ein vil stå på ski, brevandring, fiske, fjellturar m.m.Ein av dei få plassane ein kan stå på ski midt på sommaren er på Stryn Sommarskisenter, der er tilbod til alle som vil stå på ski enten langrenn, telemark, slalåm eller snowboard. Der finst tilbod både for barn og vaksne. Briksdalsbreen er ein av dei raskast veksande i verda, og ein tur opp til den er ein stor opplevelse. Du kan enten gå til fots eller leige hesteskyss. Ein kan også gå på breen saman med breførar, men ikkje åleine det kan vere farleg.
Stryn er største turistkommunen på Vestlandet. Stryn har ca 6 700 ib. sommarmånadene blir dette talet auka kraftig. Stryn har eit yrande folkeliv om sommaren både i sjølve Stryn sentrum og i områda rundt, Ein ferietur til Stryn byr på mange opplevingar her er eit godt utgangspunkt for dagsturar blant anna til Geiranger Briksdalsbreen Måløy eller ein tur til Grotli via den Gamle Stryne-fjellsvegen
Det finst mange turist-attraksjonar t.d : Lodalen, Panorama vegen, Stryn Sommarskisenter, Briksdalsbreen, Jostedalsbreen Nasjonalparksenter.For dei som vil meir enn å sjå kan ein fiske i eit av dei mange vatna i Stryn, hugs berre å kjøpe fiskekort der det er nødvendig. På dei fleste campingplassane kan du leige robåt. For dei som har lyst til meir enn å sjå på breen kan ein melde seg på brevandring/breklatring, desse turane er av forskjellige lengde og vanskeligheitgrad, du finn sikkert ein som du klarar. Som du kanskje skjønnar har Stryn mykje å by på.
Velkomne til ein fin ferieoppleving i Stryn og på Holmevik Camping.
Vervarsel Holmevik